Me avsluttar mottak for farleg avfall på Østerbø

farlig-avfall-østerbø.jpg

Du kan levere farleg avfall her til og med 27. november.

Saman med Østerbø Maskin AS, har me hatt eit tilbod til privat hushald om innlevering av farleg avfall i Bjordal. Dette er eit tilbod me har bestemt å avslutte, då det ikkje har fungert heilt som me hadde tenkt og at etterspurnaden ikkje har vore så stor. 

Dei som bur i Bjordal kan nytte miljøstasjonen i Vadheim til innlevering av farleg avfall. Alternativt kan du samle opp farleg avfall og levere på vår årlege vårinnsamling, då me reiser rundt med containerar og hentar bos i distrikta.

1000 kilo gratis

Alle hushald kan levere 1000 kilo med farleg avfall gratis kvart år. Ønskjer du ein boks til å oppbevare farleg avfall i, har me raude boksar på 30 litar, tileigna farleg avfall. Du får dei på miljøstasjonane våre. Du kan levere ein full boks med farleg avfall og ta med deg ein tom tilbake - så tek me oss av sorteringa.