Farleg avfall


Farleg avfall er avfall som ikkje skal handsamast saman med det ordinære avfallet, fordi det inneheld miljøgifter (helse- og miljøfarlege stoff) og kan medføre alvorleg ureining eller fare for skade på menneske eller dyr.

Miljøstasjonane i Sogn har løyve til mellomlagring av avgrensa mengder farleg avfall. Næringskundar har deklarasjonsplikt og må betale gebyr. Det er forbode å kvitta seg med farleg avfall på andre måtar enn å levera det til godkjent mottak.

Private hushald kan levera inntil 1000 kg farleg avfall pr. år gratis til miljøstasjonane. Utover dette betalar ein for levering av avfallet og eventuell transport inn til Festingdalen. 

Farleg avfall er til dømes:

  • Spillolje
  • Maling, lim og lakk
  • Sprayboksar
  • Løysemiddel, frostvæske og kjølevøske
  • Vaskemiddel
  • Batteri
  • Syrer og basar
  • Plantevernmiddel
  • Lysstoffrøyr, sparepærer og lyspærer
  • PCB