Elektronisk deklarering


Elektronisk deklarering av farleg avfall er innført frå 01.01.2016. Det er viktig at alle kjem i gang med dette, då papirversjon av avfallsdeklarering etter kvart vil forsvinne.

Som avfallsprodusent er du ansvarleg for at farleg avfall vert deklarert iht. gjeldande regelverk.

For å deklarere elektronisk må du ha rolla som administrator eller sluttbruker i Altinn. Dagleg leiar i firmaet kan eventuelt delegere rolla som administrator i Altinn. Deretter delegerer administrator rollen som sluttbruker via administrasjonsmodulen på www.avfallsdeklarering.no.

SIMAS Næring kan som før vere behjelpeleg med å administrere all deklarering for deg, men frå nyttår må me ha fullmakt fra deg som kunde til å gjennomføre dette. Fullmakt vert tildelt i administrasjonsmodulen på www.avfallsdeklarering.no

Kom i gang med e-deklarering

For å kunne autentisere seg på vegne av verksemda, må administrator ha Altinn-rolla «Energi, miljø og klima». Altinn-rolla er førehandstildelt dagleg leiar i verksemda. Innlogginga i Altinn erstattar underskrifta på deklarasjonsskjemaet.

Dagleg leiar må delegere rolla i Altinn, og må difor logge inn på Altinn.no.

1.  Vel «Tilgangsstyring» i toppmenyen

2. Vel «Deleger roller og rettigheter» i venstremenyen.

3. Vel riktig verksemd i nedtrekksmenyen, vel «vis flere» dersom ikkje riktig verksemd visast. NB! Det er organisasjonsnummeret til undereining/avdeling/verksemd som skal brukast, ikkje organisasjonsnummeret til foretaket.

4. Hugs å trykk «oppdater».

5. Identifiser administrator ved å fylle inn «Fødselsnummer» og «Etternavn»

6. Huk av for rolla «Energi, miljø og klima»

7. Trykk på knappen «Deleger»

Har de fleire undereiningar/avdelingar som skal deklarere i Avfallsdeklarering.no, gjenta punkt 3-6 for dei aktuelle einingane

For meir informasjon sjekk ut www.avfallsdeklarering.no eller last ned brukarrettleiing her.