Sjølvbetjent «Sirken-shop» på Kaupanger

Geir Øygard i Sirkla viser fram materiala som allereie er på plass i Sirken-Shopen hjå Sirkla på Kaupanger.

Overskotsmaterialar frå Sogn Elektro, Tharaso, Fretland bygg, Reco og Sogndal kommune blir til døgnopen butikk i Sirkla-huset.

– Det er altfor mykje material i byggjebransjen som blir kasta. Vi som jobbar i avfallsbransjen ser det dagleg, mykje av det vi skrotar kunne vorte nytta. Så eg er glad for at vi no får til eit prosjekt der meir av overskotsmaterialar blir brukt, fortel Geir Øygard i Sirkla.

Saman med fleire aktørar i byggebransjen, opnar Sirkla ein døgnopen butikk der du og eg kan handle overskotsmaterialar til ein redusert pris. Allereie mandag 11. mars skal butikken vere klar for opning.

Sirken-shop frå Trondheim

Etableringa er eit resultat av Kunnskapsparken Vestland sitt prosjekt «Grøn omstilling i byggenæringa», finansiert av Vestland Fylkeskommune. Her har samarbeidet med selskapet Sirken vorte til undervegs.

Sirken starta opp i Trondheim i 2020, med ein idé om å leggje til rette for enkel ombruk i bygg- og anleggsbransjen. Dei har containerar og sjølvnetjente butikkar plassert over heile landet, der byggjenæringa legg inn overskotsmaterialar. Butikkundane er både privatpersonar og bedrifter.

– Vi var på studietur til Trondheim for å sjå korleis byggjenæringa kan jobbe med grøn omstilling og blei fascinert av konseptet til Sirken. Så enkelt! Og ein god måte å dra lasset saman på, fortel Øygard.

Lokala begynner å fylle seg opp med ulike byggevarer, til dømes dette vindauge vist fram av Geir Øygard. Fredag 15. mars blir det offisiell opning!

Etter nokre rundar på Kaupanger, fann dei ut at lokala til Sirkla eigna seg godt. Det er større enn en slik container, og har ein port slik at butikken kan vere tilgjengeleg heile døgnet ved hjelp av PIN-kode for å opne porten.

– Då kan aktørane levere varar når det passar, og du og eg kan handle når det passar.

Slik handlar du

Sirken har utvikla ei nettside der du kan sjekke tilgjengelege varar på Kaupanger. Du reserverer varen, legg inn betalingsinfo og får ein PIN-kode for å komme deg inn. Når du kjem til butikken kan du sjekke ut varen. Står den ikkje til forventningane kan du kansellere reservasjonen og ingen pengar blir trekt.

Ønsker du varen, godtek du kjøpet og beløpet vil bli trekt ila 48 timer.

– Sirken driftar butikken og ordnar alt det tekniske rundt kjøp og sal. Vi kontrollerer også om vara er salbar eller ikkje før den blir lagt ut. Medlemsbedriftene sender bilde av vara til oss, og så legg vi den ut med pris og info om vi meiner den er salbar. Slik står vi som ein sikkerheit både for selgjar og kjøpar fortel Peter Totland, ein av gründerane av Sirken.

Ønskjer fleir medlemmar

I dag er Sogn Elektro, Tharaso, Fretland bygg, Sogndal Kommune og Reco med i prosjektet, med Sirkla som prosjektleiar. Prosjektet er i startsgropa og vil gjerne ha fleire medlemmar og bedrifter frå byggjenæringa med.

– Vi håper fleire ser at dette funkar, nå må vi berre komme i gang og vise oss fram. Det er ein kostnad og eit ansvar å bli medlem, og ein blir ikkje rik på dette. Men ein gjer noko med fotavtrykket sitt, og ein tar ansvar for å gjere byggjebransjen litt grønare. Og så kan ein jo tene nokre kroner på det som elles hadde vorte kasta, eller kosta lagerplass.

Øygard håper at dette konseptet kan utvikle seg også fleire stader i Sogn.

– Ein slik container, eller eit anna lokale, kan fyllast med overskotsmateriell kor som helst, både i Vik og i Lærdal.

Sjå meir frå Sirken på Instagram

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ny dagleg leiar i Sirkla

Neste
Neste

Engasjerte kundar i Årdal