SIMAS Næring AS søkjer utviklingsorientert dagleg leiar

For å drifte og vidareutvikle selskapet søkjer me etter dagleg leiar i 100% fast stilling.

SIMAS Næring AS er dotterselskap til SIMAS IKS. Selskapet vart etablert i 2014 for å ta hand om næringsrenovasjon og oppgåver som ikkje fell inn under morselskapet. Selskapet driv med utleige av containerar, containerkøyring og avfallshandtering for private og næringskundar. Marknaden for tenestene til selskapet er i rask utvikling med mange spennande utviklingsmoglegheiter.  

For å drifte og vidareutvikle selskapet søker me etter dagleg leiar som har interesse for renovasjonsmarknaden, transportfagleg kompetanse og kjennskap til administrative system. Eventuell byggfagleg kompetanse er ein fordel då handtering av byggavfall er eit satsingsområde.

Nærmare informasjon hjå styreleiar/dagleg leiar Hallvard Thomassen 57 65 70 71, alt 99 57 81 18

Send søknad og CV til post@simas.no / SIMAS Næring AS, Festingdalsvegen 368, 6854 Kaupanger.

Søknadsfrist 23.02.18