Overlevering av ny krokbil

Seljar Odd Bjarne Tveit og Sirkla-sjåfør Jan Tore Bjørk. Bil er av type Volvo FH540 med JOAB L21 Ecodrive krokpåbygg.

Vi er oppteken av å ha ein miljøvenleg og trafikksikker bilpark. Ny krokbil er eit av tiltaka.

Sirkla Ressurs hadde fredag overtaking av ny krokbil hjå Trucknor på Kaupanger. Bilen er av ein Volvo FH540 med JOAB L21 Ecodrive krokpåbygg, og vart levert av Trucknor Sogn og Fjordane AS på Sandane. 

– Dette er ein topp moderne bil med den nyaste innan miljøkrav. Den har òg eit sikkerheitsprogram frå Volvo som skal gjera det tryggare i trafikken både for vår sjåfør og andre trafikantar, fortel Geir Øygard, dagleg leiar nøgd.

Sirkla Ressurs byta ut ein gamal krokbil med ny, og har totalt to krokbilar.

Blid sjåfør på ny bil, Jan Tore Bjørk.

Seljar stilte med kake.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

Ny dagleg leiar i Sirkla