Eigen sekk til næringsplast

Næringsplast.JPG

Det er no eigne sekker for plast og folie for næringskundar.

Sekkane setjast ut på oppsett rute som ein del av næringsavtalen ei verksemd inngår med Simas Næring AS.

Det er krav om å halde hushaldnings- og næringsavfall klart frå kvarandre, og eigne sekker skal no gjere dette meir oversiktleg. Næringssekken vert kun henta på næringsrute. Det vil difor vere særs viktig at næringsplast vert levert på avtala rute i næringssekken, og hushaldningsplast vert levert i hushaldningssekk på ordinær renovasjonsrute for hushaldningar.

Kontakt SIMAS Næring AS for meir informasjon.