- Bedriftene i Årdal må skunde seg!

Geir Øygard (t.v) og Roger Bjelde har vore på turné i Årdal i haust. Der har dei snakka med bedrifter og vist kva vi i Sirkla Ressurs kan hjelpe dei med.

Frå 1. januar må alle private bedrifter i Årdal ha ein avtale med ein aktør som tømmer avfallet.

Det fortel Geir Øygard i Sirkla Ressurs. I dag er det Årdal kommune som handterer avfallet både for privat og næringsliv, men frå 1. januar blir kommunen ein del av SIMAS, som tek seg av avfallet til privat hushald og offentlege bedrifter.

– Det betyr at alle private bedrifter i Årdal må skaffe seg avtalar med ein aktør som kan handtere avfallet deira. Det kan vi hjelpe dei med, og der finnast andre som kan hjelpe. Men dei må få på plass ein avtale, elles blir ikkje avfallet henta, påpeiker Øygard.

Sirkla Ressurs er eit dotterselskap av SIMAS IKS. Lovverket seier at avfallet frå næring må handterast av ein komersiell aktør. SIMAS Næring AS vart derfor oppretta og etablert i 2015 for å handtere næringsavfallet i regionen til SIMAS. I januar 2019 endra SIMAS Næring AS namn til Sirkla Ressurs AS.

Har vore på turné i Årdal

Saman med Roger Bjelde, har Geir Øygard vore på turné i Årdal i haust. Der har dei snakka med bedrifter og vist kva vi i Sirkla kan hjelpe med.

– Vi ønskjer å gjere bedriftene gode på avfallshandtering. Og mange har strengare krav no. Dei må spore avfallet, rekne på sorteringsgrad og ha avfallsrapportar.

– Bedriftene vi har snakka med er veldig positive til eit samarbeid og har lyst å gjere ein god jobb med avfallshandteringa. Nokre bedrifter har mykje farleg avfall som skal handterast riktig, då kan det vere greitt å få hjelp til deklarering og handtering, fortel Øygard.

Sirkla har allereie fått eit godt samarbeid med fleire av bedriftene i Årdal, men det er enno mange som er att. No ønskjer Øygard å minne dei på at 1. januar ikkje er lenge til.

– Skal dei få nokon til å hente avfallet deira i 2024, må dei få på plass ein avtale veldig snart. Det må ikkje vere oss, men vi er behjelpeleg om dei skulle komme løpande no i siste liten, seier han.

Vil du vite meir om kva Sirkla tilbyr? Sjå her.

Avfallsløysingar kontor

Farleg avfall - deklarering

Større presser

 
Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Engasjerte kundar i Årdal

Neste
Neste

Re-sertifisert som miljøfyrtårn